Svingesethyttene er 2 hytter med god standard og fin beliggenhet ved Svingeset vatnet på garden Svingeset. Her kan ein fiske ørret eller berre ta seg ein rotur.

Ullsheim, som var skiarena for NM i 1996 og Junior VM i 2004, ligg like i nærleiken, og nokre av turløypene går berre 100 m frå hyttene. På Ullsheim fins og fine preparerte lysløyper.

Vil ein kjøyre slalom om vinteren, kjøyrer ein ca. 20 min. til Stryn Skisenter eller 20 km til Hornindal Skisenter. Ein køyrer til Ørsta og Volda på ein liten time.

Hyttene ligg ideelt til for dagsutflukter. Ein kan f.eks. gå fra hyttene og opp til Gulkoppen som er på 1308 m.o.h. eller ein kan ta seg ein tur opp til dei ulike sætrene som ligg her.

Det er også muleg å gå på turstier til Stryn Skisenter.

Bruker ein bil, er mogelegheita stor for ei fin oppleving blant fjell og sætrer i noko av Noregs vakraste natur.